Prijon Munga

kr 19500

Din allround Prijon-kajakk. Laget for en avslappet tur på en innsjø eller whitewater opp til klasse 3. Denne kajakken lar deg oppleve hele spekteret av padling! Den er formet som en whitewater-kajakk, med turfunksjoner. Dette gjør den enkel å padle og takket være dens lengde på nesten 3m utrolig rask. Siden bunnen er formet som en hvitvannskajakk, er Munga veldig smidig og allsidig.

SKU: N/A Categories: ,

Description

Laget for flerdagers turer gjennom kløfter, på små elver og over rolige innsjøer! Det vanntette skottet bak og dagluken foran gir nok lagringsplass for ditt neste eventyr. Å padle rett blir en barnelek!

Mungaen er utstyrt med et komfortabelt setesystem som består av det etablerte tursetet, et justerbart whitewater ryggbelte med skralle og individuelt justerbare 3D-lårstøtter – som garanterer en optimal kontakt og enkel inn- og utstigning. Skottfotstøtten gir utmerket hold og sikkerhet.

TECHNICAL DATA

Material HTP

Length 297cm

Width 67cm

Weight 24kg

CockpitL (86×51 cm) Touring size 2

Volume ca. 310L

Capacity 115kg

Paddlerweight 60 – 110kg

Storage back 50 L

Test av Arild Tvilde

Korttest av Prijon Munga i Raundalselva, Bjørke-Palmafossen, ca 85kms og
20min på Vangsvatnet i småkrusingar.

For 20 år sidan hadde dette vore eit radikalt design og Prijon sin beste
elvekajakk, i dag er det ein knallbra crossover (einaste eg har testa, men
dog;) med klare røtter i moderne elvekajakkdesign i spedd ein dæsj
retningstabilitet med «kjøl» i springet som faktisk virker og skeg for endå
betre styring på flattvann.

Cockpiten er som på andre elvekajakker, med gode justeringer til fot, hofte
og knestøtte. Knestøtene er låge, og beina ganske rette, ikkje slik dei
fleste andre creekbåtar er om dagen der knea kjem høgare. Dette er vanleg i
Prijon kajakker. Det gjer den litt trongare å komme ned i, men
sittestillingen opplevdes god og kontakten med kajakken var veldig god.
Sittestilling er smak og behag, noen vil like den, andre ikkje. Store lår må
kanskje ha knestøttene justert lengst ut mot sidene for å enkelt komme inn
og ut.

Lasteluka er topp, holdt i stryka tett og dei kraftige strikkene fungerte
fint. Løysinga med at luka alltid er festa i eine strikken er smart og
krever berre eit par forsøk for å bli van med, Den lille lasteluka framme
var enkel å nå og tett. «Skegkontrollen» var veldig godt plassert og enkel å
bruke, usikker på kor mykje eg merka til den utslått på «flat» elv, men
behovet var der ikkje heller.

Kajakken er veldig stabil! Samtidlig er den fin å få på kant og responderer
godt på sveipetak.

Eg var spent på korleis den lille kjøl-linja i front of bak ville merkast i
elva. Den gjer nok kajakken meir retningstabil på roleg vatn (meir om dette
seinare), men i elv merka eg mindre til det enn eg hadde trudd. Det heng nok
saman med at den har relativt mykje spring og at midtsekjonen på botnen er
flat som gjer den lett å spinne og sveipe i den retning ein vil. Einaste eg
opplevde var at kajakken var litt vanskeligere å padle diagonalt over sterk
straum nedstraums, då tok det litt tak og ville svinge den nedover.

Kajaken er snappy og fin på straumskiljer, svingar fint, kanten grip godt
tak i vatnet og “eddyhopping” går som ein draum.

Springprofilen hjelper godt på og ein merkar ikkje at kajakken er nesten 3
meter lang.

Sjølv om kajakken har relativt bra med spring vart det ein våt tur
samanlikna med andre moderne creekbåtar. Fronten ligg lågare og bølger slår
over og rett i fanget eller ansiktet der eg f.eks i ein moderne creekbåt
hadde vore tørr. Likevel er den rask og blir ikke stoppa nevneverdig av
valser og brytende bølger og det fristar fort å ta den på vanskeligere
elver. Fronten går fint gjennom med en kombinasjon av løft og punch med
springet og den smale tuppen.

På surf vart det tidvis hektisk under dagens forhold. Slake bølger du berre
kan gløyme å surfe med kortare kajakker tar den fint og gjer ar du virkelig
kan nytte formasjonar elva har å by på. På dei kortare og brattare bølgene
merkar ein godt at det er ein lang og rask kajakk og den har lett for å
dykke. På store bølger går nok dette betre der ein har meir plass å jobbe
på, men dette var det ikkje på elva i dag….dei var for det meste korte og
bratte.

Vangsvatnet, kort kveldstur, 10+5+5min padling.

Lett motvind og krusningar, kajakken kjennes rask ut, tenker først at
skeg`en ikkje er nødvendig eller har stor effekt, men etter litt testing er
det klart at den hjelper godt på i å halde kajakken rett fram. Men sjølv
uten skeg utslått går den fint og eg er freista til å tru at den lille
kjøl-linja hjelper på her. Det låge frontdekket gjer at breidden på kajakken
ikkje vert eit problem for padletaka. Det mest imponerande var farten, gps
klokka viste 6kmh i snitt i eit tempo eg vil kalle for 30-60min
«treningstur». Det var nesten så eg blei usikker på om klokka viste riktig.
Den holdt samme hastigheit tilbake med små bølger bakfrå, sjølv om det
opplevdes mykje treigere. Dei siste 5 minutta tok eg det litt rolegare og
den cruisa fint i vel 4km/t. Bølgene fra ein motorbåt som kom forbi ga den
eit herleg løft og den surfa fint.

Kanskje er det dei begynnende grå håra som snakkar, men for ein elvepadlar
som vil ta kortare turar på flattvann og sjø eller i bølger og samtidig
kunne padla det meste av elver unntatt dei aller bratteste og vanskelegaste
må Prijon Munga vere eit ypperleg alternativ. Tidenens Norgesferiekajakk for
allroundpadlaren?

There are no reviews yet.

Be the first to review “Prijon Munga”

Your email address will not be published.