Skip to main content

Vått og vilt arrangerer Elvepadlekurs på Voss i nokre av verdens vakreste og reinaste elver. Me arrangerer også havpadlekurs og firmaturar i vakkert fjordlandskap i Nordhordaland. Området egnar seg svært godt for padling med sin flotte natur; smale sund, øyer og viker, små sandstrender og rike fugleliv. Me kan og arrangere havpadlekurs på Voss/ Nærøyfjorden ol.

Mads Rio

Dagleg leiar & instruktør

mads@vaattogvilt.no
Tlf: +47 91374995

Mads er ein av pionerene innan elvepadling på Voss og har såleis ein del fyrstegongspadlinger i noen av dei klassiske elvene på Voss. Bla Brandsethelva og Myrkdalselva, to elver som no tiltrekker seg padlere frå heile verden. Samt Stupt inn i Åsbrekkegjelet med kajakk som fyrstemann i 1994. (Åsbrekkegjelet har seinare fått tilnavnet Moneydropp i padlemiljøet). Han har vore med i Ekstremsportveko som ansvarleg for kajakk-konkuransane, styremedlen og styreformann i 7 av dei fyrste åra.

Mads har holdt elvepadlekurs sidan midten av 90 tallet.Han  padla mesteparten av norskekysten i havkajakk ein sommar. I vinterhalvåret er Mads padleguide på cruiseskip som går Latin Amerikakysten til Antarktis. Mads er Veileder Elv og Aktivitetsleder Hav i Norges padleforbund

Mads Rio

Mads Rio

Dagleg leiar & Instruktør

Michael Abbot

Instruktør

Mike er frå New Zeeland og er «Verdenskjent» i Elvepadlemiljøet. Han har padla det meste som går an å padla. Mike har gjort Vossing av seg pga dei mange og gode elvene på Voss. Han er no sikkerhetssjef under padlekonkuransane til ekstremsportveko.

Joar Wæhle

Instruktør

Joar er allsidig friluftslivlærar og erfaren elvepadlar i Vossaelvene. Han har bla vunne konkurransen i Ekstremsportveko Horgi ned 4 gonger! I Samt ein 2 plass. Han kan dei fleste triksa som utførest på bølgene! Han har vore sportssjef og kajakkansvarleg under Ekstremsportveko. Er no mykje i Myrkdalen og organiserer spennande aktiviteter der.

Eirik Øvreeide

Eirik Øvreeide

Instruktør

Eirik er ein lokal fantastisk god padler og Instruktør. Ekte Viking og naturmennske. Kjennetegn: går barføtt og drikk chaga mest heile året

Tor Ole Stegane

Tor Ole Stegane

Instruktør

Ivrig elvepadler som lett køyrer 5-6 timer for å padle ei økt i Vossaelvene. Har fått tilnavnet Elvepsykologen pga sin evne til å få folk til å løyse problem utpå elva