FIRMATURER PAO VOSS

Kontakt: mads@vaattoggvilt.no Tlf: 91374995

Bur de på eit av sentrumshotella på Voss er de velkomen til å padla med oss i elvene her . Ta eit 4 timars avbrekk i konferansen og bli med oss for i kort ,frisk ,lærerik og kjempekjekk økt.

Me kan og sy saman heile opplegg med andre aktiviteter som fjelltur , sykkel ,fluefiskekurs. Nokon padlar , nokon fisker og nokon syklar. Så samlast me for kokkekamp i ein for anledningen oppsatt Villmarksler!

Vil du bu i fjellheimen er Mjølfjell eit godt utgangspunkt. Me kan lage pakker med overnatting kost og losji på MuH, Guida fjelltur ,sykling rallarvegen og elvepadling frå kr 4500 pp.

Kajakk: sjå meir under elvepadling menyen!

Packraft: NYHEIT! Me holder kurs med packrafter!

Trugetur : 30 min frå sentrum med tog og du er på Mjølfjell. I flott terreng både for ski og trugeturer

Døme på skreddersydde arr me har hatt og kan gjennomføra kan du sjå under bildegalleriet.