Nordbris

NORDBRIS sjøbu blei bygd i 1914 som garveri, ei næring som var stor i området på den tida. All pelsvare kom sjøveien og det var praktisk å ha garveria midt i skipsleia. Seinare var det Notbinderi i huset, heilt fram til 1970 talet. Då blei det bygd om til fritidsbustad.

Området er vakkert med sine trange sund og straumar, holmar og øyer, rike fugleliv og skogar. Det er eit mangfold av stiar i åsane rundt. Kjem ein seg opp på 2-300 meter over havet, ser ein vide omkring. På klarversdagar heilt til Bergen og Nordsjøen i vest.

Tomta huset står på er mangfaldig fra kaiane rundt huset til hagen og skogen rundt. Det er fleire kjekke sitteplassar rund omkring der ein kan nyte utsikten og føle freden.
Alversund
Nordbris